Vanlege spørsmål
Kva er Poesipost? 💌
Poesipost er eit lite kunstprosjekt der du får eit handlaga diktbrev i posten kvar månad - med poesi, trykk og små detaljar som minner om å ta seg tid.
Korleis fungerer abonnementet?
Du vel eit månadsabonnement (99 kr/mnd inkl. frakt) og får eit nytt brev i postkassa kvar månad. Beløpet blir trekt automatisk, og du kan stoppe når som helst.
Er frakt inkludert? 📨
Ja, frimerke og pakking er inkludert i prisen!
Når kjem breva?
Breva vert sendt ut rundt siste halvdel av kvar månad - alt etter kor mange brev som skal ut, og kor mykje kaffi som går med ☕️
Kan eg kjøpe berre eitt brev?
Per i dag er abonnement den einaste betalingsløysninga. Men du er sjølvsagt velkommen til å sei opp etter berre ein leveranse
Korleis stoppar eg abonnementet mitt?
Du kan når som helst stoppe eller pause abonnementet ditt. Dette gjer du via eposten du fekk etter bestilling. Eller så kan du sjølvsagt sende meg ei melding, så ordnar eg det for deg!
Sender du utanfor Noreg? 🌎
I utgangspunktet sender eg berre innanlands, men send gjerne ei melding om du vil bestille til utlandet, så ser eg kva som går an.
Kven skriv dikta? ✍🏻
Alle dikta og illustrasjonane er laga av meg.
Kvifor gjer du dette?
For å minne både meg sjølv og andre på å stoppe litt opp. For å gje plass til poesi, papir og sakte ting.
Kvifor kostar det pengar - kunne du ikkje sendt det gratis? 💸
Poesipost er eit handlaga prosjekt. For kvart brev vert det klipt, trykt, skrive og stempla for hand. Eg legg mykje tid, tanke og kjærleik i kvart brev - frå idè til postkasse.
Prisen dekkar papir, trykksverte, frimerke og tida det tek å lage noko ekte i ei verd som går litt for fort
Du får noko som ikkje er masseprodusert, men skapt for deg - og på den måten støttar du eit lite kunstprosjekt som prøver å halde liv i sakte tid, handverk og poesi.
