Om prosjektet
Poesipost starta med ein idè 💡
At noko så enkelt som eit brev i posten kan minne oss om å stoppe opp litt.
Kvar månad sender eg ut eit lite kunstbrev - med dikt, illustrasjonar og tankar kring eit tema. Alt er laga og pakka for hand, i små opplag.
Poesipost er for deg som elskar det taktile, lukta av papir, det å vente på noko - for deg som veit at ord kan vere kunst, og at ro også kan kome i konvoluttform.
Det er ikkje eit masseprodusert produkt. Det er eit lite prosjekt, skapt med ro, nysgjerrigheit og ein slags barleg forskartrong til å utforske kvifor vi menneske kjenner, drøymer og undrar oss som vi gjer.

Om meg
Eg heiter Lene, og er grunnleggar av Poesipost.
Eg har alltid vore oppteken av ord og historier. Både dei vi les, og dei vi lever.
Med Poesipost vil eg skape noko som kombinerer ord, bilete og handverk - eit lite pusterom frå det digitale, og eit rom for det nære og senselege.