Poesipost
Bli med og ta eit steg tilbake.
Som abonnent på poesipost, får du eitt dikt tilsendt i månaden - rett i di fysiske postkasse.
For hadde det ikkje vore fint om det dukka opp noko anna i postkassa enn berre rekningar og reklame? Poesipost er laga for deg som saknar gleda av å opne eit fysisk brev som ikkje krever noko av deg - anna enn å ta det inn.
Dette er ikkje eit dikt du skal scrolle forbi. Og det er forsåvidt ikkje berre eit dikt heller - det er óg ein invitasjon til ei stund i ditt eige selskap, med refleksjon og etterttanke. Ei tid der du kan setje deg ned med ein kopp te eller kaffe og verkeleg ta tilbake eitt av dei sakte augneblunka i livet.
Dette får du:
- Eit brev i postkassa éin gong i månaden
- Månadens dikt printa på kort - ord som kan kvile på nattbordet, sendast vidare til ein ven, eller festast under ein magnet på kjøleskapet.
- Månadens brev - refleksjonar rundt skriving, forfattarskap og livets finurlegheiter.
Poesipost er eit prosjekt som har som mål å ta tilbake litt av det enkle.
Meir informasjon
- Sendast ut siste veke kvar månad
- Løpande abonnement som kan seiast opp når du måtte ønske (seinast 14 dagar før utsending)
kr 65,00Pris